Den pedagogiske plattforma vår og verdisyn

Vi i Liadal barnehage har eit stort uteområde og ein unik natur kring oss med skogsområde og fjøre som vi nyttar oss av. Vårt satsingsområde er natur og friluftsliv. Naturen gjev barna et rikt utval i lekemateriell og bidreg til at barnas kreativitet og skapande moglegheiter utviklast og utfordrast.

 

Latter.

Empati.

 

Selvkontroll.

 

Utforskning.

Omsorg.


I naturen legg vi vekt på at barna saman med vaksne skal få oppleve og utforske naturen vi har kring oss og naturfaglege fenomen. I samspel med barna er vi vaksne med forskarar som undrar oss, set ord på det vi ser og opplever rundt oss, på den måten skapar vi moglegheiter for at barna skal få kunnskap om ulike emne. Ved å stimulere barna si nysgjerrigheit og undring over naturen, ynskjer vi at dette skal bli starten for barna si livslange læring i naturvitskap og forståing for bærekraftig utvikling. Forskerfrø.no og annan naturfaglig litteratur har vore ei kjelde for oss til inspirasjon.


Som eit ledd i å arbeide med bærekraftig utvikling har vi valgt å ha dyr i barnehagen, i år har vi høner. Vi gir matrestar til hønene i stadenfor å kaste og får egg tilbake på vårt matbord. Ved å ha dyr kan vi vise barna livsløp og forholdet mellom liv og død. Når barn har kontakt med dyr lærer dei å vise omsyn, tolke kroppsspråk og respektere andre sine grenser. Ved å gi barna ansvar for mating, stell og reinhald vil det gi barna ei kjensle av å være betydningsfulle og gi dei gode opplevingar av meistring.
Barna er med på prosessen frå vi hentar egg  til dei rugast ut. Sjølve klekkinga ligg ute på facebook:

 

https://www.facebook.com/caroline.rekkedal/videos/pcb.1964462313566832/10156022072570469/?type=3&theater&ifg=1

 

https://www.facebook.com/caroline.rekkedal/videos/10154924661355469/