Velkomen til naturbarnehagen Liadal barnehage!

 

Barnehagen vår ligg i naturskjønne omgjevnadar under Liadalsnipa med utsikt over fjorden. Barnehagen er open 07.00-16.45. Barnehagen har 23 barn og er privateigd, der foreldra som har born i barnehagen er medlemar. Barnehagen er eit samvirkeføretak som starta opp i «Fiahuset» i 1985 .
Barnehagen har tre grupper Småtrolla frå 0-2 år, Skogtrolla frå 2-3 år og Nipetrolla frå 3-5 år.

Vi har eit fantastisk stort uteområde der borna kan utfolda seg og vi mistar ikkje sola i vinterhalvåret. Bygget har mange rom som vi brukar til gruppedelinger og ulike aktivitetar. Vi har lang åpningsid frå 07.00 til 16.45 slik at pendlere kjem seg til og frå.
Dei to siste åra har vi hatt brukerunderøkelser som ligg i snitt på 5,1 og 5,4. Personalet er stabilt og vi har høg dekning av pedagogar og fagarbeidere som har mykje å seia for kvaliteten i barnehagen.

Søk oss opp på facebook og velkomen til oss!

https://www.facebook.com/groups/129980913681657/