Magi i skogen!

 


Når noko er magisk viser vi til den augneblunken der tida stoppar opp for borna, dei samlar merksemda si og seier oi, sjå der! Slike augneblunk i livet er viktige. Vi lagar forteljingar som gjer inntrykk og vert viktige for borna.

Å vera voksen saman med barn i naturen er ofte ein stor og mangesidig oppleving. På tur inn i skogen gjer fantasien at stubben vert til eit skummelt troll, nedoverbakken er full av rørsleglede og når maurtua kjem til liv vert han ein levande by som yrer av liv. Vi gleder oss til våren når insekteter kjem. Insektet som under matpausen kryp oppover fingeren, vert studert forsiktig og vert vist omtanke. Men kor er dei når som det det er vinter? Ein smal sti i skogen skapar undring som nærast er uendeleg og det isete vatnet i bekken gjev mangfoldig høve for leik. I tillegg til alt dette vil vi prøve å gje borna ei grunnleggjande forståing for samanhengar i naturen og å læra dei å verta glad i naturen. Då lagar vi interessante opplegg, er engasjerte vaksne og tilrettelegg for aktivitetar som er tilpassa kvar og ein i barnegruppa.